65 i tog for asylborna

I 15 kuldegrader møtte 65 vossingar opp for å demonstrera mot norsk asylpolitikk.

Publisert 12.01.2013 kl. 19.49. Oppdatert kl. 10.03.

I byar og bygder over heile landet var det laurdag markering av situasjonen til dei 544 asylborna som skal sendast ut etter å ha vore mest heile livet i landet.

På Voss møtte kring 65 opp på Torget. Demonstrantane gjekk fyrst i tog gjennom sentrumsgatene, før arrangementet vart avslutta med appell ved leiar Bjarte Kaldestad i Raudt Voss, diktlesing og allsong ved Gunvor Sønnesyn (Voss KrF).

Samstundes gjekk liknande demonstrasjonstog i dei fleste byar og tettstader i Noreg. Tilskiparane av arrangementa var lokale støttegrupper for asylborn, som til dømes «Støttegruppen for Nathan» i Bergen, og «Den nasjonale Foreningen av tolvte januar». På Voss slutta mellom anna desse seg til arrangementet: Raudt Voss, Voss KrF, Voss Venstre, Voss SV og Voss FO.

Krav

Her er nokre av krava dei som demonstrerte laurdag stiller:

config.properties dump-articles.sh modules README.md test2.txt test.txt Strakstiltak og ei ny forskrift som klart slår fast at borns beste skal gå framføre innvandringspolitiske omsyn.

config.properties dump-articles.sh modules README.md test2.txt test.txt At FN sin barnekonvensjon skal ha førerang i saker som handler om born i Noreg - også utlendingssaker.

config.properties dump-articles.sh modules README.md test2.txt test.txt At dei lengeverande borna får ei ny sakshandsaming i UDI etter ny forskrift, med vekt på deira tilknyting til Norge, og med advokatbistand.